Kort fortalt

Høgt sjukefråvær i Vestland

Sjukdom i luftvegane er ein viktig årsak til at sjukefråværet i fjerde kvartal enda på 5,9 prosent.

02.03.2023

Det legemeldte sjukefråværet i Vestland i fjerde kvartal 2022 ligg på same nivå som i 2021. 28 prosent av alle fråværstilfella skuldast sjukdom i luftvegane, opplyser NAV Vestland i ei pressemelding.

– Sjukdom i luftvegane er heldigvis ikkje så ofte årsak til langvarig fråvær frå jobb. Eg er meir bekymra for dei som slit med muskel- og skjelettlidingar og psykiske lidingar. Det er disse gruppene som må bli følgt opp slik at dei får den hjelpa dei treng for å få betre helse, seier direktør Anne Kverneland Bogsnes i NAV Vestland.

Muskel- og skjelettplager står for 32,3 prosent og psykiske lidingar 23,1 prosent av tapte dagsverk i perioden.

– Helse- og sosialsektoren har høgast fråvær med 8,6 prosent. Sjukdom i luftvegane står for ein del av fråværet, men vi veit jo også at mange slit med muskel- og skjelettplager på grunn av tøff belastning i denne type jobbar, seier Bogsnes.

  • Høgast fråvær i Modalen (8,7 prosent), Hyllestad (7,4 prosent) og Øygarden (7,3 prosent)
  • Lågast fråvær i Aurland (3,7 prosent) og Gloppen (4,1 prosent)
  • Sjukdom i luftvegane er årsak til 28 prosent av sjukefråværstilfella. Deretter kjem muskel- og skjelettplager med 24,4 prosent og psykiske lidingar med 15,4 prosent.
  • Helse- og sosialsektoren har høgast sjukefråvær med 8,6 prosent.
  • Over 70 prosent av sjukefråvære er kortare enn 16 dagar.
  • Sjukefråværet i Vestland ligg litt over landsgjennomsnittet på 5,7 prosent.

Publisert: 02.03.2023 08:05

Sist oppdatert: 02.03.2023 08:08

Mer om