NPK: Felleskjøpet Fôrutvikling vil bruke høner for å utvikle eit nytt vaksinefôr for laks.
– Vi brukar lakselus som utgangspunkt. Vi injiserer eggleggjande høner med stoff frå lakselusa, og deretter haustar vi desse antistoffa i plomma til egget. Desse antistoffa brukar vi som vaksinar mot lakselusa, fortel forskingsansvarleg for prosjektet og professor ved NMBU, Øystein Evensen, til
– Ideen vår er at stoffa laksen får frå plomma, hindrar lakselusinfeksjon, seier han.
Forsøka i småskala har så langt vist gode resultat. Prosjektet skal etter kvart òg utvikle ein fôrtype som bidrar til immunisering.
– Då sprayar vi vaksinen på pellets, så blir det utgangspunktet for immuniseringa, fortel Evensen.
Det var i mars i år at Fiskeri- og havbruksnæringas forskingsfond utlyste den største satsinga mot lakselus nokosinne. Dei utlyste fleire forskingsprosjekt for til saman 64 millionar kroner. Vaksineforskinga til Felleskjøpet Fôrutvikling er ein del av denne forskingspakken. Dei driv prosjektet gjennom selskapet Norifish.

Publisert: 29.10.2019 10:52
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32