Kort fortalt

I haust kjem filmen om krigsseglarane

– Det viktigaste norske bidraget under krigen, seier historikar.

NPK
22.07.2022

I periodar frakta norske skip mellom ein tredjedel og halvparten av alt drivstoffet som britiske styrkjer trong til våpen, skip og anna i kampen mot nazistane. No skal historiene til sjøfolket og familiane deira bli fortalt på lerretet i den norske storfilmen «Krigsseileren».

Det skriv NRK Kultur.

Bjørn Tore Rosendahl er leiar for norsk senter for krigsseilerhistorie ved Arkivet freds- og menneskerettighetssenter. Han har òg hjelpt forfattar Jon Michelet i bøkene hans om krigsseilerne.

Rosendahl har bidrege med eigen forsking for at filmen skal bli så nær røynda som mogleg.

– Denne filmen får fram nye sider ved plikta som sjøfolka hadde til å segle, som er eit viktig funn for krigsforsking. Dette var noko dei vart tvungne til å gjere, og det blei tatt i bruk tøffe moralske og disiplinære verkemiddel for å få folk til å segle, seier Rosendahl.

Mange nordmenn er etterkomarar av krigsseglarar, og nesten halvparten av dei norske krigsdødsfalla var krigsseglarar.

«Krigsseileren» er den dyraste norske filmproduksjonen gjennom tidene.

Publisert: 22.07.2022 14:33

Sist oppdatert: 22.07.2022 14:34