Kort fortalt

Ikkje alltid lett å vere fiskar

Møter ofte konflikt mellom ulike mål.

NPK
12.05.2021

Kravet til effektiv drift, lågt drivstofforbruk og god kvalitet på fiske kjem lett i konflikt med andre omsyn fiskarane må ta, viser forsking frå Nofima.

– Fangstreguleringane påverkar fangstmønster og dermed også måloppnåing. Prioriteringar mellom mål som er i konflikt med kvarandre er derfor viktig før ein formar ut rammevilkåra for norske fiskeri, seier forskingssjef Bent Dreyer i avdelinga for næringsøkonomi i Nofima.

Nofima har på oppdrag frå Fiskeri- og havbruksnæringas forskingsfond jobba med å kartleggje korleis rammevilkår påverkar drivstofforbruk og fiskekvalitet.

– Det er stor ulikskap mellom ulike fartøygrupper og driftsformer, både med tanke på energiforbruk og sløsing med fiskekvalitet. Styresmaktene kan påverke desse gjennom fleire verkemiddel og rammevilkår, seier Dreyer.

Han meiner dette kan gjerast gjennom avgiftsregimet for drivstoff, pluss at marknadene for fisk blir differensierte på kvalitet.

Arbeidet i prosjektet har handla om å kartleggje miljømessige og økonomiske konsekvensar av fiskerireguleringar og dei institusjonelle rammene for sektoren, heiter det.

Publisert: 12.05.2021 15:25

Sist oppdatert: 12.05.2021 15:26