Ikkje bekymra for rekruttering til olje
– Ekstremt godt med søkarar.
(NPK): Det er forventa at norske olje- og gassproduksjon kjem til å falla betydeleg over dei neste 30 åra. Men sjefen for Aker BP er lite bekymra på kort sikt.
– På kort sikt er eg veldig lite uroa. Me har ekstremt godt med søkarar til ledige stillingar, faktisk betre enn me har hatt nokosinne, seier Aker BP-sjef Karl Johnny Hersvik til E24.
Han meiner det er feil å teikna eit bilde av at det er vanskeleg å rekruttera nye arbeidstakarar til olje- og gassbransjen. Samstundes understrekar han at det kanskje kan vera noko problematisk på lengre sikt i og med at ein har færre søkarar til dei utdanningane bransjen har vore oppteken av historisk.
Ein ventar at norsk olje- og gassproduksjon skal falla med nærare 70 prosent fram mot 2050, skriv avisa. Samtidig held oljeprisane seg høge mens det går godt for norske oljeprodusentar.
– Også i ei verd som skal fasa ut fossile energikjelder, er det rom for å utvikla norsk sokkel, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap).
Aker BP har budsjettert å investera over 200 milliardar kroner før skatt på norsk sokkel over ein brei prosjektportefølje dei neste fire åra. Hersvik presiserer at oljeselskapet har sett seg miljøambisjonar.
– Me er ein klar leiar i CO₂-kapasitet. Det er viktig for oss og viser at når me snakkar om energitransformasjonen, så gjer me faktisk noko med det, at det er ein del av forbetringskulturen vår, seier han.
(©NPK)
Publisert: 30.10.2023 15:49
Sist oppdatert: 30.10.2023 15:49