Kort fortalt

Ikkje endra flyseteavgift no

Stortingsfleirtalet sa nei til Ap og Sp.

30.05.2018
NPK: Eit forslag frå Senterpartiet og Arbeidarpartiet om å endra luftfartsavgiftene og sikra at mindre fly ikkje får høgare flyseteavgifter per seteplass enn større fly, er i denne omgangen avvist av fleirtalet på Stortinget.
Eit viktig mål med for forslaget var å sikra at flyrutetilbodet til selskap som driv kortbanenettet ikkje blir skadelidande og å motverka at folk i distriktet får eit dårlegare flytilbod.
I debatten i Stortinget tysdag blei forslaget til Senterpartiet og Arbeidarpartiet stemt ned med 54 mot 47 stemmer. I grunngjevinga frå fleirtalet blei det vist til at regjeringspartia med støtte frå KrF allereie har vedteke å be regjeringa leggja fram ei sak om luftfartsavgiftene og at arbeidet alt er i gang.
Widerøe er blant dei som fryktar høgare avgifter. Selskapet har alt kutta fleire avgangar.
– Det er veldig vanskeleg for oss å halda oppe kortbanenettet med det avgiftstrykket som vi opplever, sa kommunikasjonsdirektøren i Widerøe, Silje Brandvoll, til NRK dagen før saka blei behandla i Stortinget.
Ho fryktar at nedbygginga av kortbanenettet vil halda fram dersom det ikkje skjer ei endring.

Publisert: 30.05.2018 13:11

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39