Kort fortalt

Ikkje fritt skuleval i Vestland fylke

Det meiner fellesnemnda for storfylket.

20.12.2018
NPK: Det bør ikkje bli fritt skuleval i heile Vestland fylke. Storfylket bør hovudsakleg halda på dei inntaksområda som gjeld for dei vidaregåande skulane i Hordaland og Sogn og Fjordane i dag, meiner fleirtalet i fellesnemnda for det nye Vestland fylke.
både politikarar og fylkesdirektørane har hatt ulike syn på kva som er den beste løysinga. Fylkesdirektøren i Hordaland hadde rådd til fritt skuleval i heile storfylket, medan fylkesdirektøren i Sogn og Fjordane har meint at det nye fylket bør ha fleire inntaksområde. Også prosjektleiaren for fylkessamanslåinga delte dette synet som til slutt vann fram, fortel avisa.
Blant politikarane er det særleg representantane til Høgre og Framstegspartiet som har stått i spissen for fritt skuleval.
Fylkesformann Martin Jonsterhaug i Vestland FpU likar dårleg avgjerda til fellesnemnda. Han manar no ungdom til opprør for fritt skuleval, fortel
– Dersom nokon ønskjer seg vekk for å gå på skule, burde dei få lov til dette, utan at politikarane skal seia nei, seier han til kanalen.
Han håpar politikarane snur i saka som no skal ut på høyring.

Publisert: 20.12.2018 12:08

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36