Kort fortalt

Ikkje godta renteauke på bustadlånet

Det er rådet frå Forbrukarrådet.

20.09.2018
NPK-NTB–Bibiana Piene: Folk som allereie betaler 3 prosent eller meir rente på bustadlånet, bør ikkje godta at banken set opp bustadrenta, meiner Forbrukarrådet.
Dei bør heller vurdere å flytte lånet, seier fagansvarleg for hos Forbrukarrådet, Elisabeth Realfsen.
Torsdag heva Noregs Bank styringsrenta med 0,25 prosentpoeng til 0,75 prosent, den første auken på sju år. Om tre år vil styringsrenta liggje på 2 prosent, anslår sentralbanken.
Om og eventuelt når bankane vil følgje etter og heve sine bustadlånsrenter, er førebels uvisst.

Tent godt

Alle bankane har plikt til å rapportere inn sine prisar til Finansportalen, som dermed har full oversikt over trendane i marknaden. Det er fleire bankar som tilbyr bustadlån til rundt 2 prosent rente. Samtidig betalar mange kundar rundt 3 prosent – med same sikkerheit.
– Er du blant desse, både kan du og bør du flytte bustadlånet. Og du bør i alle fall ikkje finne deg i at banken set opp bustadlånsrenta etter rentemøtet i Noregs Bank, seier Realfsen.
Ho viser til at bankane allereie har tent godt på rentenedsettingane i Noregs Bank frå 2016.
– Sidan då har fortenesta til dei største bankane på bustadlån vore så høg at dei fint toler ei litt høgare rente i pengemarknaden, utan å sette opp prisane til kundane, seier ho.

Kan spare tusen

Finansportalen har hatt god trafikk dei siste dagane frå kundar som sjekkar lånetilbod frå bankane. Har du eit lån på 3 millionar kroner og greier å kutte renta med eit halvt prosentpoeng, kan du spare over ein tusenlapp i månaden, påpeikar Realfsen.
Men førebels ser det ut til at norske bustadlånstakarar tar den varsla renteauken med eit skuldertrekk, viser ei Respons Analyse har gjort for Sparebank 1. Der svarar sju av ti låntakarar at dei ikkje må gjere spesielle tiltak om renta på bustadlånet går opp i år.

Nytt for mange

– Eg trur ikkje at hushalda vil merke ein liten renteauke i særleg grad. Men eg skjønnar at enkelte er usikre, fordi vi har hatt låge renter lenge og fordi ein renteauke er noko heilt nytt for mange, seier forbrukarøkonom Magne Gundersen i Sparebank 1.
Samtidig oppgir éin av fire at ein renteauke fører til at dei vil gjere ulike tiltak i privatøkonomien, som å kutte i forbruket eller spare mindre.

Publisert: 20.09.2018 14:52

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37