Kort fortalt

Ikkje gratis båtruter

Får ikkje same ordning som ferjene.

NPK
07.01.2022

Gratis ferjer blir prioritert, og båtruter blir ikkje ein del av den samme ordninga, går det fram av eit svar frå samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap).

Det er Helge André Njåstad (Frp) som i eit skriftleg spørsmål til samferdselsministeren har teke med problemstillinga om likebehandling av ferjeruter og båtruter når ein skal realisere gratis ferjereiser.

– I Hurdalsplattformen skriv regjeringa om ferjeprisar og spesielt til samfunn utan omkøyringsmoglegheiter. Nokre av desse samfunna blir betente av båtruter og ikkje ferjeruter. Desse har så langt ikkje vore nemnde og burde også blitt gratis for dei som bur på slike øyar, skriv Njåstad i grunngjevinga.

I svaret poengterer samferdselsministeren at det i utgangspunktet er fylkeskommunane som har ansvar for både eigne ferjer og hurtigbåtane, og dei har dermed også ansvaret for takstane.

– Regjeringa meiner det er ei viktig oppgåve å sørgje for eit godt ferjetilbod og sikre at overføringane til fylkeskommunal ferjedrift samsvarar betre med behovet til dei reisende og næringslivet. I denne omgang er difor ferjene prioriterte, skriv Nygård.

Publisert: 07.01.2022 15:43

Sist oppdatert: 07.01.2022 15:44

Mer om