Kort fortalt

– Ikkje naudsynt å hamstre mat

Daglegvarebransjen ber folk om å handle som normalt.

NPK
15.03.2022

Det har den siste tida vore ein auke salet av langtidshaldbare matvarer.

Kine Søyland i Norgesgruppen seier til E24 at dei har god kontroll på vareflyten, og ho oppfordrar folk om å handle som normalt.

Norgesgruppen har 1800 daglegvarebutikkar her i landet, fordelte på Meny. Kiwi, Joker, Nærbutikken og Spar. Dei har merka at krigen i Ukraina har påverka matinnkjøpet til folk, og at dei har selt meir matvarer som er haldbare lenge.

Søyland vil ikkje gå i detalj på kva varer det er største etterspurnad etter, men ho minner om at det er nok varer, og at produkt som er mellombels utselde, vil kome igjen.

– Daglegvarebransjen er rusta til å takle slike utfordringar. Vi har erfaring frå to år med pandemi og har varer på lager og god kontroll, seier ho.

Rema 1000 har også merka ein auke i sal av langtidshaldbare varer dei siste par vekene.

– Det gjeld varer som hermetiske middagsrettar, bakarvarer, oljer og knekkebrød, som er typiske beredskapsvarer, og det kan skuldast at nordmenn er meir bevisste på kva styresmaktene på generell basis seier ein bør ha i hus, seier Line Aarnes, direktør for Kategori og Innkjøp i Rema 1000

Publisert: 15.03.2022 11:23

Sist oppdatert: 15.03.2022 11:23