NPK-NTB: Det internasjonale pengefondet (IMF) meiner oppgangen i norsk økonomi er solid, men meiner bustadmarknaden utgjer ein risiko.
IMF tilrår innstramming for å kunne møte framtidige tilbakeslag og utfordringar. Dei spår at fastlands-BNP veks med rundt 2,5 prosent i år og 2 prosent i 2020 og vurderer arbeidsløysa i Noreg som låg, og lønnsveksten som god.
Delegasjonen peikar likevel på at bustadprisane er høge. Dei meiner dei er noko mindre overvurderte enn for eitt år sidan. Saman med høg gjeld i hushalda utgjer bustadmarknaden likevel ein risiko for norsk økonomi og finansiell stabilitet.
IMF åtvarar mot å mjuke opp tiltaka i bustadlånsforskrifta. Dei meiner dessutan at den høge prisveksten i marknaden for næringseigedom er urovekkjande.
Delegasjonen peikar òg på at norsk økonomi dreier frå olje og gass og meiner derfor at andre sektorar må forbetre konkurranseevna si.

Publisert: 06.05.2019 13:26
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35