NPK-NTB: Høg gjeld i hushalda utgjer ein risiko for norsk økonomi, meiner Det internasjonale pengefondet. På lengre sikt er det ei aldrande befolkning som bekymrar.
IMF anslår at BNP-veksten vil liggje på 2,5 prosent i år og neste år, og meiner Noreg er nær full sysselsetting etter ein periode med auka arbeidsløyse som følgje av oljeprisfallet i 2014 og krisa som følgde. Det kjem fram i den årlege gjennomgangen Det internasjonale pengefondet (IMF) gjer av norsk økonomi.
Fondet påpeikar likevel at høge og framleis veksande bustadprisar, kombinert med høg gjeld i hushalda, utgjer ein risiko for den vidare utviklinga. IMF meiner derfor regjeringa må fortsette å sette inn tiltak for å dempe presset i bustadmarknaden. Det gjeld blant anna bustadlånsforskrifta, som avgrensar på kor mykje folk kan få i lån ut frå inntekt og del av bustadverdi, opplyser Finansdepartementet.
– Eg deler IMF-delegasjonens syn på at høg gjeld i hushalda utgjer ein risiko for den finansielle stabiliteten, seier finansminister Siv Jensen (Frp).
Regjeringa kjem seinare denne månaden med si vurdering av forskrifta. Også Finanstilsynet anbefaler vidareføring av den.
På lengre sikt peikar IMF på at ei aldrande befolkning og lågare produktivitet kan bidra til å dempe den økonomiske veksten framover og legge press på offentlege finansar.

Publisert: 07.06.2018 10:27
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:38