– Det har vore ein del personar og sett på og vurdert anlegget, men dei synest at prisen er for høg. Nokre har antyda kva dei er villige til å gi for anlegget. No bør vi kanskje vurdere om vi skal gå ned i pris, .
Takstverdien er på rundt fem millionar kroner og det var også omlag det Misjonsambandet håpa å få betalt før eigedomen vart lagt ut for sal i fjor haust.
Leirstaden vart bygd for 49 år sidan og omfattar eit hovudhus, fire hytter med til saman 57 sengeplassar, uteareal for idrettsaktivitetar, eit naust i småbåthamn og eit bustadhus.
Den ligg på Rjåneset i Ørsta kommune, med småbåthamn og badeplass nede ved sjøen. Rjånes var tidlegare eit ferjeleie, men sambandet blei lagt ned då Eiksundtunellen opna.

Publisert: 29.05.2019 07:32
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:34