Ingen lovnad om Veibustkrysset
Ulukkeskryss bremsar utvikling av industriområde.
Frank Sve (Frp) stilte samferdsleministeren Jon-Ivar Nygård eit skriftleg spørsmål i Stortinget om kva som er planen for bygging av nytt kryss på E39 ved Vegsundbrua. Sve viste til at krysset er ulukkesbelasta og tilkomstveg for fleire store bedrifter.
Statsråden erkjener i svaret at dagens kryss hindrar vidare utvikling av industriområdet, der mellom anna Vegsund Slip held til.
Prosjektet ligg inne i Statens vegvesen sin gjennomføringsplan for 2022-2027, men ei utbygging er avhengig av bevilging gjennom den årlege rulleringa.
Per no er det løyvd fem millionar til planlegging og Sula kommune og vegvesenet jobbar med reguleringsarbeidet. Samferdsleministeren håpar ein kjem i mål med ein ferdig reguleringsplan i løpet av året.
Publisert: 09.03.2022 11:54
Sist oppdatert: 09.03.2022 11:57