Kort fortalt

Ingen lovnader om Strynefjell-veg

Frank Sve (Frp) ville vite om regjeringa kjem med pengar.

Marius Rosbach
22.11.2023

Kan samferdselsministeren bekrefte om regjeringa kjem med planleggingsmidlar til riksveg 15 med arm til Geiranger i samband med statsbudsjettet for 2024 , spurde Frank Sve (Frp) i eit skriftleg spørsmål til statsråden i Stortinget.

Svaret var nedslåande sett frå Sve si side, som ønsker fortgang i planlegginga av ny veg over Strynefjellet.

Ein eventuell oppstart for ny veg over Strynefjellet vil vurderast i forbindelse med det pågåande NTP-arbeidet, svara samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Nasjonal transportplan 2022–2033 blir først lagt fram til våren.

Samtidig peika Nygård på at Statens vegvesen ikkje har vurdert riksveg 15 som moden for oppstart, og at det ikkje er sett i gong planlegging etter plan- og bygningslova.

Publisert: 22.11.2023 13:48

Sist oppdatert: 22.11.2023 13:48

Mer om