NPK-NTB: Ein felles sats for meirverdiavgifta er ikkje tema for statsbudsjettet for neste år. Høyringsfristen for utgreiinga som tar til orde for auke, er torsdag.
Eit utval utnemnt av Finansdepartementet, som vart leidd av Vibeke Hammer Madsen, har greidd ut ei enklare meirverdiavgift. Høyringsfristen for utgreiinga utvalet har lagt fram, er torsdag denne veka.
Onsdag byrjar budsjettkonferansen til regjeringa, noko som betyr at auka moms ikkje blir eit tema i statsbudsjettet for 2020, skriv .
– Eg vil påpeike at verken Finansdepartementet eller regjeringa har tatt stilling til NOU (2019:11). Det er eit offentleg utval som har tilrådd eit enklare meirverdiavgiftssystem med éin felles sats. Utgreiinga til utvalet er send på høyring og høyringsfristen er 29. august, skriv finansminister Siv Jensen (Frp) i ein e-post til avisa.
Ho skriv vidare at sidan budsjettkonferansen til regjeringa er 28.–29. august, «seier det seg sjølv» at dette ikkje er tema for statsbudsjettet for neste år.
Utvalet meiner at det vil vere meir lønnsamt og enklare med ein felles sats på 23 eller 25 prosent. I dag er meirverdiavgifta delt inn i tre satsar: 12 prosent, 15 prosent og 25 prosent, i tillegg til nullsats.
Blant andre Widerøe, NHO og Virke er blant dei som har åtvara mot konsekvensane av å auke momsen.
Siv Jensen seier at ho ikkje ser for seg å innføre ein felles sats, eller fjerne alle låg- og null-momssatsar, men at Finansdepartementet skal vurdere innspela frå høyringsrunden.
(©NPK)

Publisert: 28.08.2019 09:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:33