Kort fortalt

Ingen spahotell ved Romsdalseggen

Legg vekk planane etter motstand.

27.08.2019
NPK: Det planlagde hotellanlegg og spa-avdelinga på toppen av Nesaksla i Åndalsnes er tekne ut av planane for gondolbanen, skriv rbnett.no.
Planane har møtt motstand frå friluftsentusiastar, medan ordføraren i Rauma Lars Olav Hustad er ein av dei som har jobba for å realisere planane, blant anna fordi han meiner det ville ført til fleire arbeidsplassar i kommunen. No er planen om hotellanlegg og spa-avdeling avlyste.
Rauma er ein reiselivskommune med om lag ein million besøkande i året. Turen over Romsdalseggen er kåra til ein av dei vakraste fjellturane i landet og har om lag 50.000 besøkande årleg. Med gondol kan talet vekse til 150.000, ifølgje kommunen.
– Vi såg at det ville vere vanskeleg å foreine desse tilboda om overnatting på toppen med kommuneplanen, seier dagleg leiar Oddbjørn Vassli i Romsdalen AS til rbnett.

Publisert: 27.08.2019 07:47

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:33