Ingeniørstudentar får jobb før dei er ferdige
3 av 4 sikra arbeid.
(NPK): Ei undersøking blant nyutdanna i Noregs ingeniør- og teknologorganisasjon viser at tre av fire studentar fekk jobb før enda teknologi- eller realfagsutdanning.
I april skal elevar på vidaregåande skule velje høgare utdanning, og kampen om studentane har starta.
I ei fersk pressemelding viser Nito til si eiga undersøking blant nyutdanna, som syner at tre av fire studentar fekk jobb før enda studie. 65 prosent av dei som fekk jobb søkte utlyste jobbar. Vidare var det tidlegare engasjement i verksemda (9 prosent) og via kjende/nettverk (8 prosent) som var utslagsgivande.
Nitos eigen karriereekspert, Frida Basma, seier i pressemeldinga at det er eit aukande behov for teknologisk kompetanse og realfagsutdanna, og at det difor ikkje er overraskande at ingeniørstudentar er etterspurde på jobbmarknaden:
– Det er mange ulike type jobbar du kan få som ingeniør, men det er viktig å vere merksam på dei ulike spesialiseringane innan ingeniørfaget og velje ei retning som samsvarer med interesser og karrieremål. Gjer du det, har du på mange måtar sikra deg ein karriere der du kan utvikle deg både fagleg og personleg. Samtidig som du får bidra til samfunnsutviklinga ved å løyse komplekse utfordringar og utvikle nye løysingar, reklamerer ho.
(©NPK)
Publisert: 12.04.2024 09:30
Sist oppdatert: 12.04.2024 11:24