Kort fortalt

Inn i grøn, maritim klynge

Brødrene Aa del av NCE Maritime Clean Tech.

31.05.2018
NPK: Det prisvinnande verftet Brødrene Aa er ny partnar i NCE Maritime CleanTech. Selskapet har fått stor merksemd nasjonalt og internasjonalt for miljøvennlege turistskip.
Det familieeigde Hyen-verftet er verdsleiande på utvikling og produksjon av hurtigbåtar i karbonfiber. Verftet har fått fleire prisar for båtane dei har bygd. Turistbåten Future of the Fjords er den første heilelektriske turistbåten i Noreg og blei produsert av Brødrene Aa. Båten går i rute mellom Flåm og Gudvangen i Nærøyfjorden.
– Med si grøne satsing vert dei ein naturleg del av klynga, seier dagleg leiar Hege Økland i NCE Maritime CleanTech i ei pressemelding.
NCE Maritim CleanTech er ei samling verksemder som jobbar med miljøvenlege løysingar i maritim industri.
– Brødrene Aa har eit tett samarbeid med mange av aktørane i klynga allereie. NCE Maritime CleanTeh er ein sterk og viktig aktør i industrien, og me ser at det er verdifullt for oss på mange måtar å vera ein del av dette nettverket, seier Tor Øyvin Aa, dagleg leiar i Brødrene Aa.

Publisert: 31.05.2018 13:16

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39