Holm
HOMØYANE: Feel Free Production har fabrikk på Holmøyane ved Hornindalsvatnet. Foto: Feel Free Production
Kort fortalt

Inntektshopp for møbelgründerar

Feel Free Production med omsetningsrekord i fjor.

27.05.2023

Selskapet Feel Free Production vart starta opp i 2013, og der fabrikken ligg på Holmøyane ved Hornindalsvatnet.

I 2015 kjøpte dei to møbelsnikkarane David Sigurdsson og Jarl Even Eide opp konkursbuet til Holmøy Møbelfabrikk, og har satsa på å lage både unike og spesialtilpassa møblar, som premieskapet til stryningen Tarjei Bø, men selskapet lagar også bruksvenlege og tradisjonelle produkt.

I 2022 hadde selskapet ei omsetning på 7,4 millionar kroner, opp 1,1 millionar frå året før. Drifta gjekk også så vidt i pluss.

Selskapet opplyser at skreddarsaum er spesialiteten - der kombinasjonen av funksjonalitet, kreativitet og estetikk blir lag vekt på.

Den samla eigenkapitalen er på 0,8 millionar kroner, og langsiktig gjeld 0,1 millionar.

Bak satsinga står Sigurdur Jon Thorvaldsson, Johann Sigurdsson, David Sigurdsson, Jarl Even Eide og Marta Myklebust.

Feel Free Production
Årsresultat (i mill kr) 2022 2021
Driftsinntekter 7,4 6,3
Driftsresultat 0,1 0,1
Resultat før skatt 0,1 0,1

Publisert: 27.05.2023 08:00

Sist oppdatert: 26.05.2023 14:53

Mer om