Kort fortalt

Inntektsvekst for Brattvåg-reiarlag

Omsetninga auka med 36 prosent, men resultatet enda på minussida i 2022.

Linn Antonie Vårdal Solheim
03.08.2023

Brattvåg-reiarlaget Koralhav eig og driv autolinebåtane MS Koralhav og MS Kap Farvel.

I 2022 auka inntektene for konsernet frå 150 til 205,4 millionar, men resultatet før skatt fall kraftig.

Dette skuldast i stor grad ein enorm auke i løn, lott og hyre, og varekostnad.

Til saman auka desse postane åleine med meir enn 54 millionar kroner frå 2021.

Konsernet sysselsette 46 årsverk i 2022. Dette gjev ei snittløn på meir enn 1,7 millionar kroner per årsverk.

Koralhav (konsern)
Tal i millionar kroner
2022 2021
Driftsinntekter 205,4 150
Driftsresultat 15,5 21,1
Resultat før skatt -2,2 5,7

Publisert: 03.08.2023 11:24

Sist oppdatert: 03.08.2023 11:24

Mer om