Kort fortalt

Interessert i norsk vindkraft

Utanlandske fond vil investere.

16.10.2018
NPK: I fjor kom under to prosent av straumen i Noreg frå vindkraft, men denne delen er veksande. No vil fleire utanlandske fond investere i næringa, sjølv om subsidiane skal fjernast.
I dag får vindkraftbransjen subsidiar i form av eit påslag betalt av straumforbrukarane. Denne ordninga blir avvikla i 2022, men utbygginga av vindkraft bremsar ikkje av den grunn.
– Subsidiane var viktige for å få bygd opp bransjen, men no trengst dei ikkje lenger, seier Øyvind Isachen, direktør for vindkraftleverandørorganisasjonen NORWEA, til .
Statnett reknar med at auka kraftprisar og lågare drifts- og utbyggingskostnader vil gjere det lønnsamt å byggje ut norsk vindkraft utan subsidiar. Saman med dei gode norske vindforholda, fangar næringa interessa til utanlandske investorar.
– Det er svært høg etterspørsel etter investeringsmoglegheiter i norske og nordiske vindprosjekt, og dei trekker til seg veldig gode og solide infra- og pensjonsfond som søkjer stabil og sikker avkasting, seier Peter Knutzen, ansvarleg for fornybar energi i Swedbank.
Swedbank reknar med at eit typisk norsk vindprosjekt vil gi ei avkasting på 10–12 prosent kvart år, og har deltatt i prosjekt med vindkraftinvesteringar på ti milliardar kroner. Dei trur at dei norske investorane kjem etter snart.
I ein analyse legg Statnett til grunn at potensialet for utbygging av vindkraft er enormt, spesielt i Rogaland, Agder og Telemark. Det aller største potensialet ligg i Finnmark, men grunna manglande kapasitet i nettet rår Statnett frå å byggje ut vindkraft i fylket.

Publisert: 16.10.2018 10:11

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37