Kort fortalt

Internasjonal storfilm på Stad

Scener frå bygda Drage.

NPK
15.09.2021

Stranda Austmyr i bygda Drage på Stad i Nordfjord har vore ein av innspelingsplassane for den nye storfilmen «Dune».

Filmen byggjer på science fiction-romanen «Dune» (1965) av Frank Herbert.

Den sjø- og fjellrike planeten Caladan er sentral i romanen - og filmen. Eventyret er lagt 8.000 år fram i tid og herredømmet over galaksen er fordelt mellom ulike familiar som kjempar intenst om makta.

Då filmregissør Denis Villeneuve leita etter ein passande innstillingsstad til den ferske filmversjonen, «Dune – kapittel 1», enda han til slutt opp i Vestland fylke, nærmare bestemt på Stadlandet og Kinnaklova utanfor Florø, skriv Bergens Tidende.

Filmserviceselskapet True North har hatt ansvaret for den norske tilrettelegginga og førespurnaden kom i januar 2019.

– Produksjonen kunne fort hamna i Irland eller på Island, som også kan illustrere golde, våte planetar, men dei ville absolutt besøkje den norske vestkysten, seier Per Henry Borck i TrueNorth til BT.

Sigmund Elias Holm i Vestnorsk filmkommisjon fortel til avisa at valet av Stad er resultatet av langsiktig arbeid, inkludert synfaringsturar som dei har hatt i regionen.

– Vi ser at internasjonale bransjefolk som har vore her dei siste ti åra, no kjem tilbake med nye prosjekt. Vi har fått ein posisjon der vi er kjent. Til forskjell frå tidlegare, har den internasjonale bransjen no tillit til at store produksjonar kan gjennomførast her, seier Holm.

Fredag set Stad bygdehus opp science fiction- og fantasyfilmen Dune i samarbeid med Bygdekinoen og Stad kino, fortel lokalavisa Fjordenes Tidende.

– Bakgrunnen er at delar av filmen er spelt inn på Stadlandet, frå Drage, Austmyr og Ervik, og vi ønskjer å gjere det enkelt for bygdefolket å sjå resultatet i filmen si premiereveke, seier Jon Frogner til avisa. Han har vore lokal kontaktperson for produksjonen.

Publisert: 15.09.2021 18:43

Sist oppdatert: 15.09.2021 18:44