Kort fortalt

Investerer før samanslåing

Fusjonskommunar byggjer nytt før dei blir slukt.

07.10.2019
NPK-NTB: Mange kommunar som blir borte frå og med neste år, investerer stort i populære prosjekt, viser ein forskingsrapport.
Rapporten samanliknar økonomisk åtferd i kommunar før og etter at kommunereforma vart lagt fram i 2014, skriv .
Konklusjonen er at mange kommunar som var sannsynlege kandidatar til samanslåing, fekk eit markant oppsving i låneopptak og investeringar. Slike investeringar er ofte nye idrettshallar, badeland eller kulturbygningar.
Professor Jostein Askim trur ei årsak til store investeringar i forkant av ei samanslåing kan vere frykta for sentralisering.
– Politikarane vil prøve å stanse at tenester og arbeidsplassar blir flytta til sentrum i den nye kommunen. Derfor bygger eller pussar dei opp infrastruktur som blir liggande i utkanten av den nye kommunen. Dei antar at det er politisk vanskeleg å legge ned det som er nybygt eller nyoppussa, seier han.

Publisert: 07.10.2019 14:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32