(NPK): Nynorsk bedriftsforum inviterer folk i næringslivet til eit kurs som skal gjere dei tryggare på å bruke nynorsk.
Mange i det private næringslivet synest det er vanskeleg å bruke nynorsk, sjølv om det er eit språk som er naturleg for dei. No inviterer Nynorsk bedriftsforum til eit kurs som skal gjere folk tryggare på språket og gjere nynorsk til ein naturleg og tydeleg del av bedriftsprofilen.
Kurshaldar er Jostein Avdem Fretland, og det er meininga å ha fem digitale samlingar i perioden 17. februar og 17. mars.
Jostein Avdem Fretland har brei erfaring frå å halde språkkurs for tilsette i offentleg sektor. I kurset Nynorsk for bedrifter har han tilpassa innhaldet til den språklege arbeidskvardagen i næringslivet.
Kurset tek føre seg alt frå rettskriving til bruk av kunstig intelligens han lovar mange gode tips for å skrive klare, engasjerande tekstar for nett og sosiale medium
(©NPK)
Publisert: 20.08.2025 16:08
Sist oppdatert: 20.08.2025 16:08





