Kort fortalt

Island Offshore-tillitvald vann fram

- Oppseiing var usakleg og ugyldig.

16.06.2020

Island Offshore si oppseiing av hovudtillitsvald Alf Rune Kalland er kjent ugyldig og tariffstridig, ifølgje Vikebladet.

Det er konklusjonen til Arbeidsretten i saka mellom fagorganisasjonen SAFE - og Norges Rederiforbund og selskapet Island Offshore Crewing.

Sidan han fekk oppseiinga i fjor haust, har han vore i konflikt med sin eigen arbeidsgjevar, og er no letta over å ha avgjerda.

- Det er først og fremst ei enorm byrde som har letta frå skuldrane mine. Dette er ein svært viktig prinsipiell siger – ein svært viktig siger for trepartssamarbeidet, seier Kalland til avisa.

Han sett også pris på at Island Offshore-sjef Tommy Walaunet tok kontakt etter dommen for å beklage påkjenninga Kalland har vore gjennom.

Det kan gå mot sivilsak om konflikten i rettssystemet i august, men det er ikkje mogleg å anke avgjerda til arbeidsretten.


Publisert: 16.06.2020 11:54

Sist oppdatert: 06.08.2021 11:05