Kort fortalt
It-konkurs i Herøy
Slutt etter fire års drift.
Marius Rosbach
10.01.2024
Møre og Romsdal tingrett opna tysdag konkurs i Shyne As med adresse i Tjørvåg.
Selskapet som er registrert å drive med kommunikasjon, data og informasjonsbehandling, blei starta opp i 2019.
I siste offentlege rekneskap frå 2021, omsette firmaet for 3,4 millionar og hadde fire årsverk i arbeid. Det året enda med eit lite underskot, men eigenkapitalen var framleis positiv ved utløpet av året.
Linda Brevik er bustyrar i saka og første skiftesamling er 12. februar.
Publisert: 10.01.2024 12:01
Sist oppdatert: 10.01.2024 12:01