Kort fortalt

Ja til energiaksjar i oljefondet

Det meiner energiaksjeutvalet.

25.08.2018
NPK-NTB: Oljefondet bør få behalde sine aksjar i energimarknaden, meiner det såkalla energiaksjeutvalet.
Utvalet leverte fredag si utgreiing til finansminister Siv Jensen (Frp), som hadde bedt om ei vurdering av om energiaksjane burde seljast for å forhindre at Noreg kunne få varig låge oljeinntekter i framtida.
Bakgrunnen er at departementet i november i fjor fekk eit råd frå Noregs Bank om å ta olje- og gassektoren ut av referanseindeksen for aksjar i Statens pensjonsfond utland (SPU), populært kalla oljefondet.
– Å selje energiaksjane i Statens pensjonsfond utland (SPU) er ikkje ei effektiv forsikring mot lågare oljepris i framtida. Energiaksjane i fondet gir berre eit marginalt bidrag til oljeprisrisikoen for nasjonen, seier utvalsleiar Øystein Thøgersen ved Noregs handelshøgskole (NHH).
Utvalet har vurdert eit breitt sett med omsyn og har etter ein samla vurdering altså komme fram til at det beste er å behalde desse aksjane.

Publisert: 25.08.2018 09:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37