NPK-NTB: Forskingsrådet lyser ut 1 milliard kroner til innovasjonsprosjekt i næringslivet.
– Noreg har mange smarte bedrifter. Vi treng at endå fleire av dei utviklar nye og betre varer, tenester og løysingar. Ei sterk satsing på forsking og utvikling skal skape eit meir konkurransedyktig næringsliv og fleire grøne, smarte og nyskapande jobbar, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) i ei pressemelding.
Søknadsfristen er 10. oktober for å få tildelt pengane Forskingsrådet skal dele ut til store og små bedrifter. I 2018 blir det brukt meir enn 4,5 milliardar kroner meir til næringsretta forsking og innovasjon enn i 2013, heiter det.
– Dersom Noreg skal ha eit konkurransedyktig næringsliv, treng vi eit kunnskapsintensivt næringsliv. Med desse midlane ønsker regjeringa å bidra til at fleire bedrifter tar i bruk forsking i sitt innovasjonsarbeid, seier utdanningsminister Iselin Nybø (V).

Publisert: 03.05.2018 08:44
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39