Kort fortalt

Jobbar for hurtigbåtsamband

Gir ikkje opp kampen om hurtigbåt Ålesund - Florø.

NPK
08.11.2022

Ei rekkje næringsaktørar på Vestlandet ber fylkespolitikarane i Møre og Romsdal og Vestland om å halde fram arbeidet med å få på plass eit hurtigbåtsamband mellom Florø og Ålesund når Stad skipstunnel blir realisert.

I ei pressemelding skriv dei at dei har stor forståing for behovet for å prioritere når ressursane er knappe, men meiner det er for tidleg å gi opp ambisjonen om eit samband.

Dei meiner administrasjonen i dei to fylka undervurderer passasjergrunnlaget og samfunnsnytta til det nye hurtigbåtsambandet i rapporten dei har laga, og skriv at konsekvensane av å byggje saman større bu- og arbeidsmarknader langs kysten av Nordvestlandet er lite vurdert.

Publisert: 08.11.2022 12:21

Sist oppdatert: 08.11.2022 12:23

Mer om