Kort fortalt

Jublar over olje-nei

Ikkje meir oljeleiting på Grønland.

NPK
17.07.2021

NPK: Natur og Ungdom jublar over at Grønland i går bestemte seg for å avslutte all framtidig oljeleiting.

I går kveld kom nyheita om at Grønland si nye regjering har vedteke stans i oljeleiting, trass eit stort potensial for uutvunna oljeressursar.

Det er ein stor seier for klimaet, og avgjersla kan få stor verknad på både norsk oljedebatt og haustens klimaforhandlingar. Stadig fleire land har bestemt seg for å stanse leiting etter meir olje, og blant desse er Grønland eitt av landa med størst anslåtte oljeressursar, skriv Natur og Ungdom i ei pressemelding.

– Den norske regjeringa har prøvd å lukke auga for IEAs rapport om at det ikkje er plass til fleire oljelisensar i ei verd som oppnår klimamåla og avgjersla frå Grønland viser enda tydelegare kor bakpå Noreg er, seier Therese Hugstmyr Woie, leiar i Natur og Ungdom.

Etter stortingsvalet i Noreg i haust, kan ikkje ei ny regjering sleppe unna med å seie at Noreg skal vere det siste landet som stansar oljeproduksjonen. Grønland grunngir si avgjersle med klima, men òg at det arktiske miljøet er sårbart og at ein må beskytte fiskeria, seier organisasjonen.

Publisert: 17.07.2021 10:27

Sist oppdatert: 17.07.2021 10:28