Kort fortalt

Kaldaste på ti år

1,4 grader under normalen i oktober.

04.11.2019
Fraus du i oktober? Kanskje ikkje så rart, for oktober i år var den kaldaste på mange år. Vi må heilt tilbake til 2009 og 2003 for å finne tilsvarande.
Ifølgje låg månadstemperaturen for heile landet 1,4 grader under normalen.
Høgaste maksimumstemperatur med 16 grader vart registrerte 11. og 16. oktober på stasjonen Etne II i Hordaland og 24. oktober på Tingvoll i Møre og Romsdal. Gjennomsnittet for høgaste maksimumstemperatur i oktober dei siste 30 åra er 20,4 grader.
Lågaste minimumstemperatur var 27,2 minusgrader, og vart målt på Suolovuopmi – Lulit i Kautokeino og Cuovddatmohkki i Karasjok 28. oktober. Gjennomsnittet for lågaste minimumstemperatur i oktober dei siste 30 åra er 21,0 minusgrader.

Publisert: 04.11.2019 08:36

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32