Kan bli makrellkrise på Island
Berre 40 prosent av makrellkvoten på Island har vorte fiska så langt.
Fiskistofa, som er Islands svar på Fiskeridirektoratet, har tal som viser at Island til i år har fiska 56.200 tonn makrell. Dette er knapt 38 prosent av ein total tillate kvote på 148.000 tonn inklusiv overføringar frå i fjor. Det står igjen å fiske 91.600 tonn. 11.300 av desse tonna er allereie overførte til neste år, slik at det reelt står igjen å fiske 81.200 tonn, skriv Fiskeribladet.no.
Sjølv om kvoteåret blir avslutta 31. august, får dei islandske fiskarane fiske vidare på årets makrellkvote ut året.
– Island har i fleire år hatt problem med å fiske kvotane sine som i praksis betyr eit fritt fiske etter makrell for heile flåten. Årets fangsttal til no, viser at problema i år er minst like store som før, seier Audun Maråk i Fiskebåt til Fiskeribladet. Han beklagar ikkje at islendingane slit med dei store kvotane sine.
– La oss håpar dei ikkje kjem i mål, slik Island saman med Grønland og Russland har teke seg til sett i makrellkvotefordelinga, som ikkje er samsvarande med rettane dei har her, seier Maråk.
Uttalen føyer seg inn i dei sterke skytsa som har komme mellom blant anna Noreg og Island over fleire år utan avtale om internasjonal fordeling av makrellen.
Noreg har ein makrellkvote på totalt 309.000 tonn i år og har til no fiska 12.500 tonn.
Publisert: 09.08.2022 16:02
Sist oppdatert: 09.08.2022 16:03