Kort fortalt

Kan bli slutt på laurdagsdistribusjon

Avisavtalen går ut i juni 2022.

NPK
30.04.2021

Avtalen om ombering av aviser i område det ikkje finst dagleg distribusjon går ut i juni 2022. Samferdsleminister Knut Arild Hareide opplyser at regjeringa førebels ikkje har teke stilling til om staten skal kjøpe avisdistribusjon etter 30. juni.

Det kjem fram i svaret frå samferdsleminister Hareide på eit skriftleg spørsmål frå Ruth Grung (Ap).

– Vil samferdselsministeren ta initiativ til å sørgje for avisdistribusjon kvar dag over heile landet, også etter juni gjennom å forlengje anbodsavtalane, spør Grung.

– Avtalane om avisdistribusjon frå 2020 går ut 30. juni 2022, men det er mogleg å forlengje avtalane i inntil to år. Regjeringa har førebels ikkje teke stilling til om staten framleis skal kjøpe avisdistribusjon etter 30. juni 2022, og om dette eventuelt skal gjerast gjennom å nytte opsjonen for forlenging eller gjennom ny utlysing av kontraktane, svarer Hareide.

Vidare forsikrar han representant Grung om at han jobbar aktivt med løysingar som vil sikre ei forlenging utover 30. juni 2022.

Publisert: 30.04.2021 11:15

Sist oppdatert: 30.04.2021 11:16