Kort fortalt

Kan fiske kallast hausting?

Nei, meiner Språkrådet og Kystfiskarlaget.

NPK
13.01.2022

Departementet har endra namn på ei fiskeforskrift til haustingsforskrift. Spesielt, meiner både Språkrådet og Kystfiskarlaget.

– Den tradisjonelle bruken av ordet «hauste» er å hauste planter og vekstar. Det har vore uvanleg å snakke om hausting av dyr, som fisk. Då har ein snakka om fiske, seier seksjonsleiar Lars Ivar Nordal i Språkrådet til NRK.

Det er Utøvingsforskrifta som har fått nytt namn, og det heiter mellom anna at «Garn og liner som brukes til høsting av torsk, hyse og sei skal røktes daglig. »

Leiaren i Norges Kystfiskarlag, Tom Vegar Kiil, synest det er spesielt.

– Vi driv med fiske og fangst. Dette er jo utøvingsforskrifta som er endra til haustingsforskrift. Kanskje er det for å synleggjere meir at det har med fiskeri å gjere, seier han til kanalen.

Nærings- og fiskeridepartementet viser til at i utgreiinga frå havressurslovutval (NOU) frå 2005 brukte ein for eksempel omgrepet hausting heile 906 gonger.

– Poenget har vore å bruke «hausting» som eit fellesomgrep. Det skal dekke fiske av fisk, fangst av skaldyr og vågekval, men også hausting av tang og tare, seier kommunikasjonsrådgjevar Halvard Wensel i Nærings- og fiskeridepartementet til NRK.

Publisert: 13.01.2022 16:12

Sist oppdatert: 13.01.2022 16:14

Mer om