Kort fortalt

Kan fiske meir leppefisk

Direktoratet aukar kvoten.

13.09.2018
NPK: Fiskeridirektoratet har auka kvotane for fartøy som fiskar i lukka gruppe etter leppefisk. Det såkalla maksimalkvotetillegget på 5.000 leppefisk for Sør- og Vestlandet gjeld frå 12. september.
Alle fartøy som fiskar i lukka gruppa kan vere med å fiska etter den auka mengda leppefisk. Fisket må skje sør for 62 grader nord og fartøy som vil delta må vera ferdige med den ordinære fartøykvoten før dei kan starta fiske på tilleggskvoten.
Fisket på den auka kvoten kan bli stoppa på kort varsel, opplyser Fiskeridirektoratet.
I år blei det innført kvotar for fiske etter leppefisk på grunn av den kraftige auken i leppefiske. Den vesle fisken er nemleg svært etterspurd som reinsefisk i oppdrettsnæringa sidan han et lakselus.
Fisket etter leppefisk går føre seg på Sørlandet, Vestlandet og i Midt-Noreg. Det er i all hovudsak bergnebb og grønngylt som blir fiska.

Publisert: 13.09.2018 11:39

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37