NPK-NTB: Neste år risikerer tilsette at AFP-ytinga kan bli redusert kraftig viss dei ikkje gjennom heile arbeidslivet er i ei bedrift med tariffavtale.
I lønnsoppgjeret i fjor vart partane samde om ei endring som gjer at det frå neste år skal vere betre samanheng mellom tida ein jobbar i ei tariffbunden bedrift, og retten til AFP, skriv .
– Framover blir det svært økonomisk ugunstig å stå utan tariffavtale i privat sektor, seier leiar Jon Olav Bjergene i forhandlingsavdelinga i Handel og Kontor.
Berre halvparten av tilsette i privat sektor jobbar i bedrifter som tilbyr AFP, viser tal frå forskingsstiftelsen Fafo.
– I bedrifter med mange unge tilsette har ein vegra seg mot å inngå tariffavtalar. Men med ny ordning vil tapet ved å stå utanfor det organiserte arbeidslivet bli betydeleg høgare enn i dag, seier Bjergene.
Ei kvinne fødd i 1990 med 550.000 i årslønn vil som tilsett frå 25 til 62 år i tariffbundne bedrifter, ligge an til å få utbetalt ei årleg livsvarig AFP-yting på 47.850 kroner viss ho går av ved 67 års alder. Lever ho til å bli 100 år, vil AFP utgjere vel 1,5 millionar kroner.
Jobbar ho derimot fleire år av karrieren i ei bedrift utan tariffavtale, kan ho få fleire hundre tusen kroner mindre i AFP.

Publisert: 26.03.2019 08:30
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35