NPK-NTB: Arbeids- og sosialdepartementet fjernar kravet til at mottakarar av sjukepengar må vere i Noreg. Bakgrunnen er ei ny tolking av ei EU-forordning.
«Regjeringa vil jobbe for tiltak som kan avgrense og stanse eksport av velferdsytingar», heiter det i Granavolden-plattforma. No liberaliserer arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H) reglane for å få sjukepengar i utlandet, melder .
Det skjer som følgje av ei ny tolking av ei EU-forordning, går det fram av reist av Senterpartiets finanspolitiske talsperson Sigbjørn Gjelsvik.
– Det er stor fare for at dette fører til auka kostnader til kontroll, auka misbruk av pengar og undergraving av den norske fastlegeordninga, seier Gjelsvik til ABC Nyheter.
– Det kan òg vere legar i utlandet som kan sjukemelde. Dette gir auka rom for å misbruke systemet, seier Gjelsvik, som seier han har fått signal i den retninga frå folk i Nav-systemet.
Liberaliseringa kom i form av eit rundskriv til dei Nav-tilsette:
«Arbeids- og sosialdepartementet har etter innspel frå Trygderetten bestemt at sjukepengar ikkje kan bli stansa eller avslått berre på grunnlag av at brukaren skal opphalde seg, eller har opphalde seg i eit anna EØS-land.»
I paragraf 8–9 i Folketrygdlova heiter det: «Det er et vilkår for rett til sykepenger at medlemmet oppholder seg i Norge».

Publisert: 25.09.2019 09:49
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32