Kort fortalt

Kan reise kollektivt normalt

Fram opnar opp.

24.09.2021

Frå laurdag 25. september klokka 16 kan du begynne å reise kollektivt som normalt igjen.

Når regelen om å halde 1 meter avstand frå kvarandre blir borte frå laurdag 25. september klokka 16, kan du begynne å reise som normalt igjen med bussane, hurtigbåtane og ferjene til Fram, opplyser selskapet i ei pressemelding.

Her er kva som skjer med kollektivtilbodet etter opninga på laurdag:

  • Første seterad på bussane blir opna frå klokka 16 på laurdag.
  • Kontantbetaling blir mogleg så fort vi har fått veksel om bord. For nokon ruter skal det vere mogleg allereie på laurdag klokka 16, men for alle rutene seinast 28. september.
  • Du kan fortsette å bruke billettbetaling med tekstmelding fram til 28. september.
  • Det vil vere mogleg å sprite henda om bord også framover.
  • I tillegg er det viktig å fortsette å følge råda for smittevern som kjem frå lokale og nasjonale myndigheiter.

Publisert: 24.09.2021 15:33

Sist oppdatert: 24.09.2021 15:35

Mer om