Kort fortalt

Kan søke støtte til ungdomsfiske

Regjeringa delar ut to millionat.

NPK
30.01.2024

(NPK): Regjeringa lyser ut 2 millionar kroner retta mot kommunar som legg til rette for at unge mellom 12 og 25 år kan skaffe seg verdifull erfaring innan fiskeria, skriv Nærings- og fiskeridepartementet.

– Fiskeria har stor betydning for folk og lokalsamfunn langs heile kysten. Å engasjere ungdom i denne sektoren er ikkje berre ei investering i framtida deira, men òg i berekrafta og kontinuiteten av næringa sjølv, seier fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth i ei pressemelding.

Kommunar over heile landet blir oppmoda til å søkje om tilskot på inntil 200.000 kroner for å realisere ungdomsfiskeprosjekt sommaren 2024. Den totale ramma for tilskotet er på 2 millionar kroner, og fleire kommunar kan få stønad.

I fjor fekk 242 ungdommar frå 17 forskjellige kommunar sommarjobb i fiskerisektoren gjennom kommunale prosjekt. Det er ei dobling frå 2022, da 112 ungdommar frå sju kommunar deltok.

– Det er inspirerande å sjå resultata frå arbeidet til kommunane i fjor. Rapportane viser ein imponerande innsats og tilfreds ungdom. Eg vonar desse erfaringane vil motivere fleire til å velje ei karriere innan fiskerinæringa, seier Myrseth.

(©NPK)

Publisert: 30.01.2024 14:36

Sist oppdatert: 30.01.2024 14:36

Mer om