Kort fortalt

Mykje å spare med færre nettselskap

Samanslåing lønnsamt for straumkundane.

NPK
03.12.2021

(NPK): Fersk rapport viser at straumkundane kan spare meir enn 2,6 milliardar kroner om fleire nettselskap slår seg saman.

I dag er det 106 nettselskap som leverer straum i Noreg. Om talet på nettselskap blir redusert til 68, kan straumkundane spare 2,6 milliardar i året frå 2025, viser ein ny rapport frå NVE og Thema.

Innsparinga ligg i reduserte administrasjons-, innkjøps- og systemkostnader som kjem kundane til gode.

– Det er eit potensial som kan takast ut gjennom auka digitalisering og stordrift ved samanslåingar, seier dagleg leiar i Thema, Gorm Lunde, til NRK.

Talet på norske nettselskap har dei siste åra gått sakte nedover. I 2005 var det 135, medan det i fjor altså var 106. Nedgangen skuldast i hovudsak at små aktørar er fusjonerte inn i større omkringliggande selskap.

Stortingsrepresentant Nikolai Astrup (H) meiner det er eit stort potensial i å slå saman og skape meir robuste selskap.

– Med færre nettoperatørar kan vi utnytte kapasiteten i nettet betre, seier han til rikskringkastaren.

Astrup var kommunal- og moderniseringsminister i Solberg-regjeringa. I dag er han fraksjonsleiar i energi- og miljøkomiteen på Stortinget.

<p>(©NPK)</p>

Publisert: 03.12.2021 11:01

Sist oppdatert: 03.12.2021 11:05

Mer om