Kort fortalt

Kartlegg kreftfaren på plattformer

Kreftregisteret vil ha tak i fleire oljearbeidarar for å finne ut meir om kreftfaren innan dette yrket.

NPK
09.06.2022

Spørjeundersøkinga gjeld dei som har jobba på norske oljeplattformer ein eller fleire gonger mellom 1967 og 2021, totalt rundt 70.000 personar, skriv Stavanger Aftenblad.

Førre gong ei slik undersøking vart gjennomført, var i 1998.

Prosjektleiar og forskar Jo Stenehjem i Kreftregisteret fortel til avisa at dei er ganske fornøgde med oppslutninga så langt – men vil gjerne ha svar frå fleire oljearbeidarar.

– 16.000 har svart til no. For 24 år sidan svarte rundt 28.000, så vi håpar å få omtrent det same. Viss nokon ikkje har fått invitasjon til undersøkinga, finn dei ho på Kreftregisterets nettside, seier Stenehjem.

Målet med undersøkinga no – som i 1998 – er nettopp å finne ut meir om oljejobbing og kreft.

– Vi har mangla informasjon om det kjemiske arbeidsmiljøet, levevanar, søvn, skiftarbeid og kva dei har jobba med dei siste 20 åra. Så denne gongen får vi betre og oppdaterte data, seier forskaren.

Publisert: 09.06.2022 14:36

Sist oppdatert: 09.06.2022 14:37

Mer om