Kinn og Rauma kan vinne nasjonal kåring
Seks nominerte til årets vertskommune for næringsutvikling.
(NPK): Kinn og Rauma er blant seks kommunar som NHO og KS har nominert i kåringa av årets vertskommune for næringsutvikling. Offentleggjering av vinnarane skjer under Kommunalpolitisk toppmøte 2. mars.
Prisen som beste vertskapskommune blir delt ut enten på bakgrunn av enkelttiltak på eit konkret område eller kan grunngjevast i eit godt heilskapleg arbeid med berekraftig næringsutvikling saman med aktørane i næringslivet.
Kommunane har sjølv sendt inn kandidatar og KS og NHO tok imot 26 forslag frå heile landet. No er seks plukka ut og delt inn i to klassar: Over og under 15.000 innbyggjarar.
- Under 15.000: Båtsfjord (Troms og Finnmark), Vestre Toten (Innlandet) og Rauma (Møre og Romsdal).
- Over 15.000: Kinn (Vestland), Kongsberg (Viken) og Arendal (Agder).
Utnyttar særeigne eigenskapar
I grunngjevinga om Rauma står det at kommunen over tid og gjennom bruk av faste felles møteplassar har samarbeidd tett med næringslivet om god nærings- og samfunnsutvikling. Dette samarbeidet har ført til etablering av ulike selskap, aktivitetar og tettstadutvikling.
Kommunen kan vise til solid vekst i talet på arbeidsplassar i næringslivet dei siste åra. Næringslivet er variert, samtidig som kommunen har stått i spissen for ei tydeleg og målretta reiselivsutvikling. Gjennom godt samarbeid har kommunen og næringslivet utvikla ei heilskapleg satsing som pregar heile kommunen. Kommunen og næringsliv har klart å utnytte særeigne geografiske eigenskapar, og samtidig lagt vekt på utvikling av ein heilskapleg og god bu- og arbeidsmarknadsregion.
Fellesskap i ny kommune
I grunngjevinga om Kinn blir det sagt at kommunen arbeider aktivt for at digitale verktøy og annan infrastruktur skal binde saman den nye kommunen som vart etablert då Flora og Vågsøy slo seg saman 1. januar 2020.
Kinn kommune har det første året lagt vekt på at den nye kommunen gjennom plan- og byggjesaksbehandling skal stå fram samla og attraktiv overfor næringslivet. Konkret er det etablert felles møte- og dialogplassar for at alle delar av næringslivet i den nye kommunen skal oppleve seg sett og som ein del av fellesskapet.
(©NPK)
Publisert: 25.02.2021 12:41
Sist oppdatert: 25.02.2021 12:43