Kort fortalt

Kjøper tilbake obligasjonslån

Fjord1 har kjøpt tilbake storparten av obligasjonslånet sitt.

11.05.2022

Fjord1 har eit obligasjonslån som forfell til betaling i haust, men har no kjøpt attende storparten av lånet etter at fleirtalet av obligasjonslångivarane takka ja til tilbodet frå selskapet.

Les børsmelding

No står det att 103,5 millionar kroner av lånet etter at obligasjonslån for 848 er kjøpt attende.

Obligasjonlånet er børsnotert. Når det er avvikla og fullt ut erstatta av ny finansiering kjem Fjord1 ikkje lenger til å rapportere til Oslo Børs og sende ut børsmeldingar om verksemda.

Publisert: 11.05.2022 10:40

Sist oppdatert: 11.05.2022 10:49