Kort fortalt

Kjem med turistskatt i statsbudsjettet

Marius Rosbach
18.08.2023

(NPK-NETT.NO): Det kostar å vere turist i Noreg – og snart skal det skattleggjast – men korleis skatten skal fungere er det uvisse rundt.

I januar varsla næringsminister Jan Christian Vestre at regjeringa ville innføre ein turistskatt (eller besøksbidrag) med Lofoten og tre andre turiststader som pilotprosjekt.

Korleis denne skatten skal fungere, har det vore fleire forslag til, men ingenting er stadfesta.

Eit regjeringsutnemnd utval foreslo i mars at Noreg innfører nasjonal turistskatt – ikkje berre til Lofoten. Tanken er at alle som kjem til Noreg skal skattleggjast.

Regjeringa har også sett ned ei arbeidsgruppe for å sjå på utfordringane til korleis ein slik skatt vil slå ut. Dette skal kome på plass når forslaget til statsbudsjettet for 2024 blir lagt fram i haust.

Publisert: 18.08.2023 13:27

Sist oppdatert: 18.08.2023 13:32

Mer om