Daglig leder Roar Aasen Fosnavaag Pelagic Foto Marius
FOSNAVÅG: Dagleg leiar Roar Aasen i Fosnavaag Pelagic hadde eit svært godt år i fjor. Foto: Marius Rosbach
Kort fortalt

Kjempeår for Fosnavaag Pelagic

Inntektsvekst og stort overskot.

Marius Rosbach
18.08.2023

Etter nokre magre år vart det full klaff for Fosnavaag Pelagic i 2022. Fosnavåg-selskapet som mellom anna satsar på silderogn, auka inntektene med kring 120 millionar i fjor, til knappe 540 millionar kroner.

Overskotet var ekstraordinært med eit resultat før skatt på nær 37 millionar kroner. Det kjem godt med etter eit underskot året i forvegen.

Da ga også rom for utbytte på ti millionar kroner til aksjonærane.

Eigenkapitalen ved utløpet av året var på 53 millionar, medan langsiktig gjeld var på knappe 20 millionar.

Mesteparten av produksjonen til Fosnavaag Pelagic vert seld og marknadsførd gjennom Nils Sperre på Ellingsøya, som eig 45,3 prosent av Fosnavåg-selskapet.

Alt restråstoff vert sendt vidare til Tripleline Vedde, som er den andre store eigaren, med 44,6 prosent av aksjane.

Tredje eigar er Finnmin Eiendom, som eig 10,1 prosent.

Fosnavaag Pelagic
Årsresultat (i mill kr)
2022
2021
Driftsinntekter
539,4
421
Driftsresultat
42,4
1
Resultat før skatt
36,9
-0,9

Publisert: 18.08.2023 13:03

Sist oppdatert: 18.08.2023 13:03

Mer om