Kort fortalt

Kjøper Øy-Blikk

Robin Røkke inn i si femte avis.

18.06.2019
NPK: Trønderen Robin Røkke har kjøpt alle aksjane i Øy-Blikk AS, lokalavisa i Giske kommune. Dette blir den femte avisa han eig, fortel Sunnmørsposten.
Til Øy-Blikk fortel Røkke at han er journalist i hjartet, og meiner at lokalaviser ikkje kan styrast frå Oslo eller Trondheim. Han starta journalistkarrieren i Radio Vika som 14-åring, og er i dag redaktør i Nordvestnytt. Han har tidlegare vore redaktør i Nordre og Midsundingen.
Frå før har malvikingen, som bur på Lepsøya i Haram, kjøpt Nordvestnytt, som dekkjer Smøla og Aure kommunar på Nordmøre, ein tredjedels eigarskap i Haramsnytt AS, som eig avisene Nordre og Misundingen, eigarskap i Sulaposten og no eineeigar i Øy-Blikk AS.

Publisert: 18.06.2019 07:36

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35