Ålesund kommunale eigedom kjøpte tomta og bygget til Bertel O Steen Møre og Romsdal i Breivika i Ålesund for 92 millionar kroner tidlegare i år.
Bilforretninga og verkstaden har flytta til Digernesskiftet. I morgon overtek brannvesenet anlegget,skriv Ålesund kommune i ei pressemelding.
No skal bygget byggast om. Første byggetrinn gir plass til det som i dag er Spjelkavik Brannstasjon, andre byggetrinn gir plass til dagens hovudbrannstasjon i Ålesund.
Anlegget skal også romme ambulansestasjon, Sivilforsvaret og eit depot for miljøberedskapen på Sunnmøre.
Publisert: 29.06.2023 12:06
Sist oppdatert: 29.06.2023 12:06