Klagar på støtte til treindustrien
Misnøye i stål- og betongnæringa.
(NPK): Betong- og stålnæringa har sendt klage til overvakingsorganet Esa på ordningar som gir økonomisk støtte til dei som byggjer i tre, fortel Nationen.
Bak klagen til Eftas overvakingsorgan Esa står Betongelementforeningen og Norsk Stålunion.
Dei meiner forskrifta om midlar til investering og bedriftsutvikling i landbruket og Innovasjon Noregs ordning med «Tredrivere» gir skog- og treindustrien urimelege fordelar.
– Frå å vere ei fantastisk ordning for norske bønder er det blitt ei ordning for massive overføringar til skogeigarane, seier administrerande direktør John-Erik Reiersen i Betongelementforeningen (BEF) til Nationen om den første av desse støtteordningane.
Om den andre ordninga seier han at tredrivarane har i oppdrag å påverke byggherrane til å bruke massivtre, og at det her blir brukt offentlege pengar til marknadsføring av trevirke.
Dei to næringsorganisasjonane hevdar i klagen at det blir brukt 430 millionar kroner og minimum 35 millionar i året på dei to ordningane. Dei meiner dette har halde på sidan 2008.
Det samla beløpet blir over åra på meir 5,5 milliardar kroner. Organisasjonane ber om at dette skal krevjast betalt tilbake av mottakarane.
Organisasjonane har også lagt ved klagen til Esa forskingsmateriale som skal vise at både betong, stål og glasmateriale kan konkurrere med trevirke i eit livsløpsperspektiv.
(©NPK)
Publisert: 16.06.2021 15:41
Sist oppdatert: 16.06.2021 15:43