Kort fortalt
Klar for Norne, Åsgård og Statfjord
Akofs Seafarer oppgradert ved Myklebust.
18.05.2022
Det 157 meter lange brønnintervensjonsskipet Akofs Seafarer til Røkke-selskapet Akofs Offshore, er no i arbeid ved Åsgård-feltet vest for Sandnessjøen.
Skipet har blitt oppgradert ved Myklebust Verft, og skal i oppdrag på dei Equinor-kontrollerte felta Norne, Åsgård og Statfjord.
Akofs opplyser på si heimeside har skipet fått på plass eit høgtrykks ‘work-over’ stigerørssystem, som kjem i tillegg til spreiings- og væskereturbehandlingssystem.
Skipet skal kunne utføre brønnintervensjonsoppdrag ned til 1500 meter, og skal blant anna no fjerne sand og rusk i borehola, samt installere pluggar og skjermar.
Publisert: 18.05.2022 10:07
Sist oppdatert: 18.05.2022 10:09